Foto av fire venner som sitter på et fjell sammen og ler

Bruk stemmeretten: Senterungdommen ønskjer desentralisering, lokaldemokrati og tenester nær folk

4. september 2019

For Flyt Frem er det viktig å spre informasjon om valget, hvorfor det er viktig at unge mennesker bruker stemmeretten, og hva som er de viktigste sakene for de ulike politiske partiene. Vi har derfor gitt ungdomspartiene til alle partier som er representert i nasjonalforsamlingen i dag, muligheten til å skrive om nettopp dette i serien Bruk stemmeretten! Her skriver Senterungdommen.

Engasjer deg og bruk stemmeretten!

9.september er det lokalval i Noreg. Det vil sei at vi kan velje kven som skal bestemme over norske kommunar og fylker dei neste fire åra. Det er eit viktig val. Stemma di tel.

Lokalpolitikk handlar om heimplassen din. Dei som sit i kommunestyre har ansvar for barnehagen du gjekk i, vatnet du har i springen og aldersheimen du kanskje skal bu på. Fylket sine vegar, bussar og vidaregåande skular er det dei som sit på fylkestinget som har ansvar for.

Levande folkestyre og tenester nær folk!

Senterpartiet har jobba for eit levande folkestyre sidan 1920. Vi vil at det skal vere kort veg mellom deg og dei som bestemmer. Vi trur på eit folkestyre der folk er involvert i dei avgjerslene dei vert påverka av. Det er ein styrke at vi kan møte lokalpolitikarane våre på nærbutikken.

Det er to store utfordringar som går igjen i norske lokalsamfunn: klimaendringane og Høgre-partia sin ekstreme sentraliseringsiver og sentralstyring.

Den viktigaste saka for Senterpartiet er at det skal vere tenester nær folk i heile Noreg. Nære tenester er avgjerande for å ha ein god og trygg kvardag. Skule, barnehage og sjukehus skal ikkje vere luksusgode for nokre få, men eit tilbod for alle, uansett kor ein bur.

Vi trur ikkje at størrelse alltid er det viktigaste – mange stadar er det smått som fungerer godt. Det er betre å ha ein brannmann som når fram i tide, enn ti med stor brannbil som kjem fram når huset er brent ned.

Det er det synd å sjå den systematiske nedbygginga av distrikts-Norge. At det bur folk i heile landet er avgjerande for å få til det grøne skiftet. Om vi skal gå frå olje og gass til fornybare ressursar som skog, sol og kyr, er det naudsynt at det bur folk der desse ressursane er.

Viss vi skal ha folk i heile landet, så trenge vi politikara som forstår heile landet.  Det nytta ikkje med politikara som trur at alt blir betre viss ein gjer det større og kalla det for noko fint. Tvangssamanslåing av fylker er inga ”demokratireform”. Nedlegging av over 100 lensmannskontor er inga ”nærpolitireform”.

Sentralisering eller desentralisering?

Det er ei ærleg sak å vere for sentralisering, og å meine at det er riktig politisk retning for landet. Det er uærleg og ureieleg å sniksentralisere tenester under villeiande namn. Sentraliseringa gjer seg gjeldande på område etter område, og resultatet vert eit stadig meir svekka distrikts-Noreg.

Venstre-ordføraren på Eid er stadig ute i nasjonale media og kritiserer eiget parti for manglande satsting på distrikta. «Det ligg no an til å bli sentralisering der regjeringa lovde desentralisering» skreiv han i VG 19. juli. Ei veke seinare, 26. juli, kunne ein lese i Nationen om Høgre-ordføraren i Tranøy som er «på kollisjonskurs med egen regjering» i forbindelse med helikoptersituasjonen i nord.

Sjølv om det no er eit lokalval vi står ovanfor, har alle parti ein nasjonal politikk dei må – og bør – stå til ansvar for. Det er Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre som sit i regjering og styrer landet. Det er det fleirtalet som har bygd bommar, slått saman fylke og lagt ned lensmannskontor. Og same kva dei finn på å kalle det, er det fleirtalet som sentraliserer stadig fleire tenester.

Det er viktig å minne om den nasjonale situasjonen før valkampen for alvor brakar laust, og alle tek til å love gull og grøne, desentraliserte skogar. Senterpartiet ønskjer å utvikle heile landet. Vi vil ha desentralisering, lokaldemokrati og tenester nær folk, både i Bergen og i Leikanger. Dette er våre viktigaste standpunkt, nasjonalt så vel som lokalt.

Vi treng folkevalde som vil bruke tida si på å gje folk gode tenester – ikkje å krangle om bompengar. Vi treng folkevalde som vil bruke milliardar av kroner på gode , lokale klimatiltak – ikkje tvangssamanslåingar.

Stem ungt!

I år kan du stemme på ein Senterpartist i 346 av 353 kommunar. Blant desse har vi 1242 ungdomskandidatar. Vi har mange dyktige folk som vil påverke sitt lokalmiljø. Våre listekandidatar er folk som har tru på plassen dei kjem frå, og folka som bur der. Dei unge stemmene er viktige. Bruk di. Bli med og bestem: gå og stem!