Nullpunktet: dikt om barneekteskap
- Tekst
No skal dei bli til to.
I kjøtt og i blod.
180 cm over bakken,
solar han seg i glansen,
smiler i takt med brudevalsen.
128 cm over bakken,
går valsen utan takt og tone.
I Gudar sitt åsyn og ved evig miskunn,
blir denne vesle kroppen til kone.
Og då, då når ho nullpunktet.
Ho manglar nemleg ordforrådet til å forstå,
Kotymen og bordskikken, kor ho skal stå.
Det er visst her ved hans side,
at ho må forsøke å forstå.
Desse store hendene.
Denne store kroppen,
som favner om den vesle kjolestroppen.
Ho har nådd nullpunktet.
Ho manglar nemleg ordforrådet til å forstå,
Hans kropp, sitt eige underliv
og vegen ho no må gå.
Så sit ho der.
Ho har blitt heilt tom.
Frå no av må ho leve i eit snevert rom.
I eit rom der ingen kan beskytte ho.
Frå no kan ho aldri finne ro.
Korleis kan det kjennest for eit lite barn?
Å bli smidd i Hymnens lenker.
Når han som livet ho skjenker,
er så mørk, så tung.
Bryr du deg egentlig om det som skjer?
At gifte barn sit med uro i hjartet og ber?
Diktet er vinner av skrivekonkurranse arrangert av Uro, Plan Norge og Flyt Frem for årets TV-aksjon som går til å stoppe barneekteskap.
DU kan utgjøre en forskjell
Barn, ikke brud. Bidra til å stoppe barneekteskap, bli med på årets TV-aksjon og å gå med bøsse, fysisk eller digitalt: besøk blimed.no for mer informasjon og bli med på verdens største dugnad.