Foto av ung kvinne som ser på klær

#sjekklappen

8. september 2019

Visste du at så mykje som ein tredjedel av all mikroplast i havet kan komme frå klesskapa våre? Når vi vaskar klede, skil dei ut små partiklar, mikroplast, som igjen havnar i havet. Dette er eit veksande problem, og difor starta Action for Ocean kampanjen #sjekklappen.


Den problematiske mikroplasten

Plast er så mykje meir enn sugerør og emballasje, og faktisk viser ein ny rapport frå Forbruksforskingsinstituttet SIFO at så mykje som 60% av kleda som blir produserte i dag inneheld plast.

Når vi vaskar desse kleda, skil dei ut små partiklar, mikroplast, som filteret i vaskemaskina ikkje klarer å plukke opp. Mikroplasten blir så vidare skylt ut i havet. I Noreg står vask av tekstilar for 110 tonn mikroplast årleg.

Mikroplastpartiklane er fra en mikrometer til fem millimeter store, og blir difor ofte mat for fisk når de havnar i havet. Når plasten først er komen inn i næringskjeda, er det vanskeleg å få den ut. Det betyr altså at vi menneske også lett kan få plast som ein del av kosthaldet vårt. Dessutan absorberar mikroplast miljøgifter som PCB og DDT frå havet, i tillegg til at den ofte inneheld farlege stoff frå før av.

For å bevisstgjere folk om at vask av kle som er laga av plastmateriale skapar så store konsekvensar, lagde Action for Ocean kampanjen #sjekklappen. Saman med seg på kampanjen har dei gjenbruksappen Tise, og Fashion Revolution. Fleire greenfluencers som Radical Broccoli og Anja Stang har hoppa på og promotert #sjekklappen på sine plattformer.

Kva kan du gjere?

Vil du sjekke lappen og vere med på å lage eit grønare klesskap? Her er nokre grep du kan gjere:

  • Velg tekstilar laga av natumateriell som bomull, lin, ull, silke og bambus.
  • Velg kvalitet! Reparer, og luft kleda dine om du kan velge det framfor å vaske dei.
  • Velg miljøvennlege vaskemiddel (her er Svanemerket ein god reiskap).
  • Unngå tekstilar som acryl, nylon og alt som har «poly» i seg.
  • Syntetiske klede kan du vaske i ein spesialvaskepose som Guppy Bag. Den fangar opp mikroplasten før den rekk å komme ut av vaskemaskina.
  • Del #sjekklappen på dine sosiale media og spre ordet!

Fordelene med tekstilar av naturmateriell

Det å sjekke lappen gjev fleire fordelar enn minska utslepp av mikroplast i havet. Til dømes er klede i naturmateriale av mykje høgare kvalitet enn dei syntetiske, du unngår at kleda nuppar og mistar fasong eller glans. I tillegg er ikkje sveittelukt eit like stort problem ved val av naturmateriale. Grunnen til det er at alle tekstilar som startar med «poly» er laga av olje, altså plast. Det blir litt som å gå med ein plastpose som gensar, eller regnklede. Med andre ord; ikkje så god lufting, dermed meir sveittelukt.

#Sjekklappen er ein kampanje som set lys på ei viktig sak som ikkje er så vanskeleg å endre på. Tek du utfordringa og sjekkar lappen på kleda dine?