Transfolk døyr: vi må være villige til å slå ring kring om transpersonar
Trans kvinner og menn opplever diskriminering, hat, trakassering og i verst fall miste livet. Dei blir utsatt både for fysisk og psykisk vold. Trans mennesker har rett til å leve eit verdig liv. Kva må til for å få til en endring?
Kvart år markerer me Transminnedagen. Første gong Trans Day of Remembrance vart markert var 20.november 1999, og sidan den gong har markeringane spreidd seg internasjonalt. Ifølge TGEU har over 3600 transpersonar blitt registrert som drept på grunn av hatkriminalitet med bakgrunn i transfobisk motivert vald sidan 2008, og me veit at det er store mørketall her, då fleire land ikkje har nokon form for registrering av om personen som vart drept er trans, eller om det var transfobi som låg bak.
Mediedebatten er eit element me må hugse på. Mediedebatten me såg no i vår er eit ledd av ein lang diskurs kring transpersonar sine rettigheiter. Høgreekstremisme og anti-gender bevegelsen er i vekst. I følge FOKUS er anti-gender bevegelsen ein transnasjonal rørsle, samansett hovudsakleg av høgrekonservative, religiøse, tradisjonelle og politiske grupper som har eit felles tradisjonelt syn på kjønnsrollane i samfunnet, mor-far-barn som einaste rette familiekonstellasjon, og meiner at kvinnefrigjering og likestilling er ein trussel. Dei vil og bekjempe likestilling og homofili.
Eg ser at det særlig er transkvinner som får gjennomgå i media, med hatefulle ytringar og skuldnad om at dei er fryktelege menneskje som ein bør frykte. Til samanlikning blir transmenn ofte fråteken eigen autonomi, og barnleggjorde, medan ikkje-binære er forvirra og eigentleg ikkje-eksisterande. Alle desse handlingane er skadelege, men på ulike måter. Transkvinner er jamnt over meir utsatt for fysisk og psykisk vald og åpen diskriminering, medan transmenn gjerne er meir utsatt for psykisk vald og overgrep. Me har ikkje mykje statistikk på ikkje-binære, men det er grunnlag for å tenke at dei blir utsett for det same som transmenn eller transkvinner avhengig av kva dei blir oppfatta som.
Konverteringsterapi: skadeleg praksis
Når eg skriv psykisk vald og overgrep, kan det innebære mykje, men eg vil fokusere litt på konverteringsterapi. Det var mykje prat om “homoterapi” i 2019, men me veit at transfolk og blir utsette for denne formen for “terapi”. Ifølge The Trevor Project er konversjonsterapi ein samlebeteikning for ein rekke skadelege praksiser rundt endring av ein persons seksualitet eller kjønnsidentitet. Fleire transpersonar som har vore utsette for konverteringsterapi har gjeve uttrykk for at dei sjølv ønskte å vere “normale”. Me har framleis ikkje noko lovverk som forbyr konverteringsterapi.
Men me har fått beskytting i hatkrimparagrafen, og det er håpar eg at fører til mindre diskriminering, mobbing, og vald. Neste steg er å gjere noko med praksisen rundt konverteringsterapi.
Nye retningslinjer for kjønnsbekreftande behandling, men lite reel endring
Me har og fått nye retningslinjar rundt behandling av pasientar med kjønnsinkongruens, altså kjønnsbekreftande behandling. Dessverre ser det ut til at det ikkje følger nokon reell endring i korleis kjønnsbekreftande behandlig blir gjeven. Det at folk med behov for kjønnsbekreftande behandling møter avslag, eller helsepersonell som ikkje er skikka til å drive med denne behandlinga, er eit stort problem. Og dette bidreg til forverra psykisk helse blant fleire av dei som får hjelp, men og hjå dei som ikkje får hjelp.
Transpersonar manglar rettigheter
Med mediebilete, valdstruslar, dårleg praksis frå helseinnstansar, politi og rettsvesen, og mangel på rettigheiter seier det seg eigentleg sjølv at transfolk er utsette for stort psykisk press. SHoT-undersøkinga frå 2018 indikerer at transfolk har generelt lågare livskvalitet, slit meir med einsemd, slit meir med angst, depresjon, sjølvskading og sjølvmordstankar. undersøkinga viser også at transfolk har høgare grad av andre nevrotypar og psykiske variasjonar, desse tala er to gangar så høge som blant cisfolk. Me har grunn til å tru at dette stemmer for transfolk som ikkje er studentar, og dette er skremmande statistikk.
I tillegg seier tala til TGEU at 97% av dei transpersonane me veit at vart myrda i 2019/2020 var transkvinner og transfeminine folk, og at 62% av transfolk som blir myrda, og me kjenner yrket til, var sexarbeidere. Eg kan spekulere i kvifor, og giftig maskulinitet og heteronorm kjem opp som antakelege grunnar.
Eg håpar at denne kronikken kan hjelpe med å sette lys på denne dystre tematikken.
At det gjer folk meir aksepterande og villige til å slå ring kring nokon av våre mest utsette. Me vil ikkje at me skal miste fleire og me er villig til å kjempe for dei av oss som er transfolk, og for dei neste generasjonane, i minnet til dei me har mista.
Kjelder:
Kjønn som storpolitikk: Den globale anti-genderbevegelsen
Life satisfaction and mental health among transgender students in Norway